Banner1Banner2Banner3Banner4Banner5Banner6Banner7Banner8Banner9
arrow_upward Mållaget Sparbyggjen

Historikk

Mållaget Sparbyggjen vart stifta i 1900. Presten i bygda, Jakob Gregusson, var målmann, det vil seie at han ville borna og ungdomane skulle skriv norsk, og ikkje dansknorsk, slik skolemålet var den gongen. Men skolane hadde teke til med landsmaal (det heitte ikkje nynorsk enno) to år tidlegare, i 1898.

Målringen, som dei kalla seg, heldt kulturkveldar.

Medlemstalet var ikkje større enn det er no, mellom 40 og 50. Men parallelt med dette laget arbeidde presten også med ungdomslaget. Slik nådde han mange. Ungdomslaget samla ungdomane, mållaget kanskje meir dei vaksne.

På 60-talet hadde alle skolane nynorsk. Læraren Normann Hjelmbrekke og Inger Ramberg fekk verva mange og medlemstalet var oppe i 160.

Om medlemstalet sidan gjekk nedover, har vi hatt mange saker å arbeide med. Vi har prøvd å halde på nynorsk som skolemål og som kyrkjemål. Vi har halde kulturkveldar og skrivekonkurransar for skoleungdom.

Vi har prøvd å by skolane, også ungdomsskolane, ei nynorsk boksamling, slik at elevane hadde tilfang på nyare nynorskbøker.

Sidan 1993 har mållaget ved god hjelp av Kjerstina og Harald Solstad gjeve ut Sparbukalenderen.

Dei siste åra har vi ved sida av å selje Jul i Trøndelag og Sparbukalenderen, hatt salmekveldar i Kjerkstu på Mære i lag med Mære sokneråd.

SnapChat Instagram Facebook Min idrett
Slagord