Sparbu-portalen

 
Min idrett

Mållaget Sparbyggjen

Laget har i dag mellom 30 og 40 medlemmar.

Prost Jakob Gregusson var mannen som tok initiativ til nynorsk skolemål i 1898, til nynorsk kyrkjemåli 1908, og til ein målring, som dei kalla laget den gongen. Dei heldt kulturkveldar, og norsk kultur stod høgt på innhaldslista på desse kulturkveldane.

Landsmål, seinare nynorsk, vart skolemål i bygdene på Innherad. Nynorskfolk trudde skolemålet hadde kome for å bli. Men på 1950-talet var Riksmålsforbundet aktive for å få skolekrinsane over på bokmål. Smått om senn mista nynorsken taket som hovudmål ved skolane på Innherad.

Vi i mållaget meiner at dialekten vår liknar mest på det nynorske skriftmålet. Skal ein trønder uttrykke tankar og kjensler, ligg det nynorske uttrykket nærast.

Framleis skal alle elevar kunne skrive nynorsk når dei går ut 10.klasse. For å kunne det, må dei ta tidleg til med å lese nynorsk.

Mållaget arbeider for at barn skal ha tilgang på nynorsk litteratur frå førskolealder. Det er ein naturleg del av den norske kulturarven. Og nynorsk er eit godt alternativ for den som vil skrive eit godt norsk. PRØV!

Kontakt oss, dersom du har meiningar om korleis vi best kan forvalte denne over 100 år gamle kulturarven som er eit fullt brukbart og mykje brukt skriftspråk i dag.

Sparbu Idrettslag
Org.: 975512460
Mob.: 918 65 623
trivsel - mulighet - omsorg - trygghet - samhold